Brev hjem

Brev heim

brev hjem

Ein gong tinndøl - alltid tinndøl..

Les mer

Barn og Unge

Aktivitetar for barn og unge i Austbygde.

Speidaren

Speideren held til i kjellaren i Vesletun barnehage. Det er møtetid kvar onsdag frå kl. 18.00 til 19.30. Der får ein lære om naturen, leike og dra på ski- og hytteturar.

Skirenn

Skirenn kan du vere med på om vinteren dersom du møter opp ved Atråhallen kl 18.00 på tysdagar. Der vert det god øving i å gå på ski.

Barneidrett

Barneidrett er på måndagar i Atråhallen. Der kan du vere med på mange ulike aktivitetar.

Slalom

Slalom kan du lære om du melder deg på kurs på Gaustablikk.

Symjing

Symjing kan du vere med på om du drar til Rjukan eller Atrå. Då kan du lære brystsymjing, krål og butterfly. Du får vere med på stemner og konkurrere med andre frå Telemark.

Fotballtrening

Fotballtrening ute ved Atråhallen måndagar kl. 17.30 – 18.30

Kulturskulen

Kulturskolen har tilbod om opplæring på ulike instrument.

Bøen Skolekorps

Bøen Skolekorps øver på Dølehalle kvar måndag kl. 17.30

Tinn Barnekor

Tinn Barnekor har øving på Bøen skole annankvar tysdag kl.15.10- 15.55 og på Haukås Lurås skole annankvar onsdag kl. 14.00-14.45.

Barnegospel

Barnegospel har øving for barn fra 4 år og oppover på Tinn Helsetun annankvar onsdag kl. 16.00 til 16.30.

Tinn Gospel

Tinn Gospel er eit tilbod til unge voksne frå ungdomsskolealder og oppover. Dei møtes på bedehuset annankvar tysdag kl. 19.30-21.30.

Hobbyluringen

Hobbbyluringen held til på bedehuset annankvar tysdag kl. 18.00-19.30 og er for 2. – 6. klasse. Ungdomsklubben som er for 7. klasse og oppover, er på same dag frå kl. 19.30-21.30. Der får ein vere med på mange aktivitetar ute og inne.

Fjellguten Skilag

Fjellguten Skilag har tilbod om aktivitetar i skibakken kvar onsdag ettermiddag og i helga. Det er utleige av Telemark-utstyr.

4H

4H har grupper i Tessungdalen og i Austbygde. Kontaktperson er Ingebjørg Håvardsrud.