Brev hjem

Brev heim

brev hjem

Ein gong tinndøl - alltid tinndøl..

Les mer

Aktivitetar i Austbygde

Hoppbakkar

I Austbygde har vi eit flott hoppanlegg, Flatinkollen som ligg rett opp for garden Flatin. Sjølve anlegget vart bygd opp på byrjinga av 80-talet. Det har også tidlegare vore hoppbakke her, men då blei det sett opp trestillas og lysanlegg. Bakkane blei profilerte etter den tids standard. Noko som var, og er kjempeflott. Bakkane, ein liten og ein større, er framleis i nokså god stand. Vi trur den vesle er ca 15 meter og den store 30 meter. Hausten 2005 blei det gjort ein skikkeleg ryddedugnad her. Mange, både unge og eldre, gjorde ein kjempejobb for å få fram bakkane att. Tinn Idrettslag har sett inn tidsur slik at det er lys i bakkane fleire kveldar i veka.
Men! Hoppinteressa har ikkje vore av det heilt store blant bygdas innbyggjarar dei siste åra. Ein kan difor oppmode hoppinteresserte/entusiastar til å ta i bruk bakken igjen. Trur faktisk ikkje at det er alle som er klar over at vi har eit så bra anlegg her i ”bygde kans”. Austbygde hadde ein gong mange gode hopparar. Så,- no må dei gamle ”gutta” pusse støvet av hoppskia sine igjen og lære den yngre garde kva god hoppteknikk er!

Lysløypa

Den var ferdig i 1979. Aktive austbygdingar heldt på i 2 år med dugnad for å få i stand løypa. Austbygde IL  fekk pengestøtte av Statens ungdoms- og idrettskontor samt Tinn kommune. Løypa er ca 2,5 km pluss ekstra sløyfe  som for tida er attgrodd. Austbygde IL arrangerte fleire kretsrenn på 80-talet, og det var bra oppslutning. I dag nyttast den til trening  og turformål. Løypemenn gjennom mange år , Svein Asland og Gunnar Nesbakken, har også, i tillegg til lysløypa, preparert spor heilt opp til Løkemoen (Austbygde kyrkje). Då vert det straks ei løype på 10 km.
Fin tur for både store og små.
Lysløypa er noko kupert. Turen opp til Løkemoen er flat med noko stigning opp til vendepunktet.

Skøytebanen

 

Dette har nok vore det mest populære innslaget blant aktivitetar for barn dei siste åra.
Ta kontakt med Inge Strand.

 

Fleire aktivitetar i Austbygde

Fiske er også eit tilbod til turistar og til dei som bur her. Løyser ein fiskekort kan ein fiske i mange små og større fjellvatn. I Tinnsjøen kan ein  fiske frå land og ved utlaupet av elva. Ein kan òg leggje ut garn (grunneigerar) og mange er ute i båt for å fiske. Om hausten ser ein mange ivrige fiskarar. Her er nokre bilde som visar aure teke på stang i Tinnsjøen hausten 2008 av Rico Delos Santos. Det skjedde ein kveld med fullmåne og fangsten var på 2,8-7kg!

Linedance- kurs kvar sundag på Dølehalle, ved Tor Ingar Hagen

Bridgekveld vert arrangert kvar torsdag på Bakeriet.

Elvepadling i Austbygdeåe er ein aktivitet som bør bli meir kjent. Folk kjem langvegsfrå kvart år for padling i den buldrande Austbygdeåe. Den er videne kjent og utkonkurrerar Sjoa når den er på sitt største.
Tyler Bradt og Tyler Curtis frå USA, Ian Garcia frå Canada og Mariann Sæther frå Noreg er nokre av dei ivrige elvepadlarane i den flotte  og  vårstore Austbygdeåe no om dagen. Mariann Sæther er blant Noregs mest kjende elvepadlarar.
På spørsmål om kvifor dei kjem frå USA for å padle i elva vår, svarar dei at  i  Noreg er det spesielt vakkert og at Austbygdeåe er heilt unik.
Stryk og fossar er flotte utfordringar i  denne elva.
Her kan dei drive med  Creeking som er utforpadling med fossefall og vanskelege parti eller fripadling som er padling for rekreasjon.
Dei startar i Tessungdalen og slepp seg nedover elva, Spånemfossen er ikkje noko hinder.
Overnatting på Sandviken Camping er dei og svært nøgde med.

Les mer på www.padling.no

André Dalen er 12 år og er ivrig oppteken av og glad i bygda si. Ein dag han var innom bensinstasjonen fekk han noko å tenkje på:

”Eg spurte noen folk som kom inn på bensinstasjonen om de hadde vert og padla, da svarte de ja og så spurte de om eg budde her og eg svarte Ja, da sa hann ene viste du att du bur på en av verdens beste padle steder? ”            
André Dalen

På folkemøtet som ”Bygde kans” arrangerte i mai fortalte André oss dette. Han fekk applaus frå salen.

 

Norseman Triathlon Extreme er ein annan vidkjent ”happening” som set Austbygde på kartet. I Austbygde vekslar deltakarane frå sykkel til gange. RA hadde nyleg ein artikkel kor det vart sagt at påmeldinga for 2009 vart fullteikna på 5 minutt.

Les mer på www.nxtri.com