Brev hjem

Brev heim

brev hjem

Ein gong tinndøl - alltid tinndøl..

Les mer

Austbygde Foredragslag

Under krigen, i 1943, vart Austbygde Foredragslag stifta  – illegalt. 1.febr. 1946 var det fyrste offisielle møtet. Andreas Aarli, som var lærar i Haukaas-Luraas krins, greidde da ut om lagsarbeidet under krigen. I den fyrste lagsprotokollen kan ein lese om mange interessante møte med ulike tema framover i etterkrigstida: ”Sigrid Undset”, ”Fjellgrunnen i Telemark”, ”Saueavl”, ”Om atombomba”, m.m.a.

Foredragslaget er tilslutta Folkakademienes Landsforbund  som har som mål ”å skaper gode arenaer der barn, unge, vaksne og eldre kan delta på meinings-fylde kulturaktiviteter i lokalmiljøet.” Ein kan gå til www.folkeakademiet.no og finne meir stoff. Der er Foredragslaget óg representert:

”Velkomen til Folkeakademiet Austbygde Foredragslag.

”Eit folkeakademi er eit ideelt lag som arbeider for å fremje eit allsidig kulturliv i kommunen, til dømes ved å arrangere foredrag, konsertar, teater eller andre typer kulturprogram. Målsetjinga er å gje folk i alle aldre gode kultur-opplevingar og å skape engasjement rundt viktige samfunnssaker. Folkeakademiet samarbeidar også med andre foreiningar og lag. Vi ser det difor som viktig å vere opne for samarbeid.”

Foto: Halvor Lurås

I dagens Foredragslag har vi hatt stor glede med å arrangere mellom anna bokkveldar og musikkarrangement med lokalt tilsnitt, julegråntenning, kåseri med naturlysbilete. ”Rusleturane” har samla både unge og eldre. Det er hyggeleg og sosialt å samlast til ein kaffirast slik som her ved Lure bru og den gamle timmerrenna. Vi har gjerne hatt eit tema på turane: Gamle vegar (i Tessungdalen), kultur-minne (brynesteinsbrot i Hovin), husmannsplassar (i Gauset og Austbygde), Birgit Lien (i Gøystdal), munken Robert (på Hylland).  Det finns mange, mange fleire, ein må berre få forslag. Tak kontakt med ein i styret. I styret i år sit: Halvor Heier Haukaas, Halvor Lurås, Olav Rorgemoen, Ingeborg (Vesla) Mårdalen, Oddgeir Sjøtveit.

Vil du bli medlem? Olav er kasserer. Det kostar 50 kr i året, og du får eit medlemsblad, NØKKELEN” , som kjem ut fire gonger i året. Lag og foreningar kan bli kollektiv medlem ( 80 kr/år). Når vi samarbeider med andre lag, kan dei nyte godt av tilskottet vi får til kvart arrangement.
Det er oppmuntrande å stelle til når folk sluttar opp om arrangementa. Vi håpar å kunne halde fram i mang år enno.

Kontakt: 35098704