Brev hjem

Brev heim

brev hjem

Ein gong tinndøl - alltid tinndøl..

Les mer

Kulturminner

Lure Kulturminneområde

Informasjon PDF

Information in English PDF

Austbygdeåe – eit verna vassdrag

www.elvavår.no

Ljåsmeden

Kjem

Smedtradisjonen i Tinn

Les mer

Smedtradisjonen i Tinn

Smiing av eggreidskapar er urgamal i Tinn . Da  jarnutvinning frå myrmalm vart kjent her til lands vaks det tidleg fram ein omfattande produksjon av myrjarn i fjellbygdene . Ein har tidlegare meint at dette tok til om lag 500 e.Kr. , men funn av ein kjempestor slaggklump frå eldre jarnalder i Tessungdalen nyleg  kan tyde på at ein må enda 500 år tilbake i tid ,  dvs. om lag Kristi fødsel eller før  . Denne verksemda gav grunnlag for lokal produksjon av våpen og reiskap og framvekst av eit høgt utvikla smedhandverk.

Jarnvinna varde i omlag 1300 år , men avtok utover på 1300-talet og døydde ut med svartedauden . Men smikunsten vart ført vidare , fyrst med importert jarn , og seinare frå norske jarnverk som kom på 1500-talet . (Fossum jernverk etabl. 1540).
Det er litt uvisst når ein tok til å leggje stål i jarn i eggreiskapane , men i våre områder må det ha kome på 16- eller 1700-talet. For å sveise («koke») saman stålet og jarnet trengs eit flussmiddel , der det frå fyrst av vart bruka finkorna sand . Dette kravde relativt høg temperatur ved sveisinga , og det var fort å skade stålet .  Det som la grunnen for at smedane her i Tinn fekk slikt ry for gode knivar og ljåar , var at dei lærde seg å bruke boraks til flussmiddel , og dermed kunne sveise ved lågare temperatur og lettare unngå å «brenne» stålet.

Det er Ole Olsen Plaga , Gunleik Eilevsen Vatnelien og Gjermund Gunnulfsen Baklien («Gjermund smed»)  som har fått æra av å ha starta det som seinare har vore kjent som tinndølsmiing . Råvarene var eggstål , blautt jarn , trekol og boraks. Produkta var fyrst og fremst ljå , men også knivblad og anna verktøy .Dei lærde seg å kjenne dei ulike stålkvalitetane , og oppnådde etter kvart ein kvalitet på eggreiskapar som langt overgjekk det ein fekk med dei eldre metodane .  Dette skjedde tidleg på 1800-talet . Desse pionerane hadde læregutar som førde kunsten vidare og utvikla den slik at tinndølljå vart nær einerådande i heile Sør- og Vest-Norge frå Buskerud til Sunnfjord . Antalet smedar , og dermed produksjonen ,  auka år for år , og nådde eit maksimum i andre halvdel av 1800-talet . I folketeljinga i 1875 er det 73 personar i Tinn som oppgjev «smed» som hovuyrke . Så godt som alle var ljå- og knivsmedar. I heile perioden (1800 – 1985) har vi registrert over 200.

Dei fyrste 100 åra var smedane jamnt fordelt i alle bygdane i Tinn , men i siste del av perioden vart etter kvart Austbygde og Tessungdalen heilt dominerande.
Smiinga vart lenge driven berre med handkraft , og mange fortsette med det også etter at maskinhamrane vart tatt i bruk . Den fyrste smihamaren driven med vasskraft var det Halvor O. Rollag som sette opp i Rollagåa omkring 1870 . Sidan kom «Lureelvens verksted for ljåer» i 1890 , starta av Gunnulf og Torgeir Dale og Eirik Johanshuset . Da det kom straum på bygdene  var det fleire som skaffa seg maskinhamar driven av elektrisk motor , særleg i Tessungdalen og Austbygde  som vart «kjerneområdet» for tinndølsmiinga framover .  Dersom ikkje Hydro hadde etablert seg i Vestfjorddalen i 1907 , med sitt store behov for arbeidskraft , er det god grunn til å tru at Tinndølsmiingen hadde utvikla seg til ein omfattande bygdeindustri lik det som vaks fram på Geilo.

I perioden frå 1800 og 150 år framover var smedhandverket av så stort omfang og så stor betydning for Tinnbygdene at vi har all grunn til å ta vare på minnene frå denne tradisjonen , og syte for at han ikkje blir gløymd . I Tinnsoga bd.I av H.H. Einung er det ein omfattande artikkel om denne viktige perioden .Sidan fekkTinndølsmeden sin bauta laga av Dyre Vaa og sin saga i bokform av T. Fæhn og S. Holte .  Men produkta han laga er ikkje ålment tilgjengelege . Det finst ein del ljåar på Tinn Museum , og framleis ligg det nok ein god del rundt om i bygda .  Gamle knivblad er det verre med . Interessa for desse har i fleire tiår vore så stor at førekomstane er «skrapa» og spreidd ut på hundrevis av meir eller mindre seriøse samlarar landet over. 

Smedtradisjonen i Tinn er ført vidare fram til i dag ,  sjølv om antalet smedar i tida etter krigen ikkje på langt nær har vore det det var .  Dei mest kjende i siste del av førre århundre var Kjetil O. Bjerke (1892 – 1981) og Svein B. Tverberg (1888 – 1987)  båe frå Austbygde . I yngre år var dei dugande  ljåsmedar, men vart nok etter kvart mest kjende  som knivsmedar . Dei dreiv i smia frå gutedagane og livet ut.
Det finst framleis ei handfull smedar i dalen , så det lar seg enno gjera å få tak i eit ekte , nysmidd  tinndøl-knivblad .  Ja to av smedane ,  Gaute Midtbøen i Tessung- dalen og Bjørn Olav Olesrud i Austbygde kan jamvel kunsten å smi tinndølljå!

Vil du lesa meir om smedane i Tinn er boka ”Tinndølsmeden gjennom 200 år” framleis å få tak i ved å kontakte  sighol@c2i.net