Brev hjem

Brev heim

brev hjem

Ein gong tinndøl - alltid tinndøl..

Les mer

Lure Historielag

Lure Historielag vart stifta i år 2000. Ide og formål var å freiste ta vare på lokalhistoriske kulturminne i Austbygde sokn. I samarbeid med interesserte personar set laget opp grupper som får eit fastlagt emne å arbeida med (Temagrupper).

I 2008 er desse gruppene i arbeid:

Tømmerfløyting i Austbygdåe Landhandlertida
Fotobevaring Mjølkemat i tradisjon
Rosesaumara Samle og arkivere

Historielaget har eit kulturminneområde som det er eige styre for. Laget er kvart år med å arrangerer Snowshoe Thompson minnerenn.
Årsskrift blir gjeve ut annankvart år. På lager: Årsskrift 2003, 2005 og 2007. Nytt årsskrift kjem 2009. I tillegg har Historielaget biografien om Snowshoe Thompson.
Biografien og årsskrifta kan tingast hjå formann Nils Haukaas, tlf: 35098663.

 lureelva tinn austbygd

Foto frå Nils Haukaas: Lure ved kulturminneområdet. Brua til den gamle bygdevegen. Her var m.a. ”Lureelvens Verksted for Ljåer”, klesstampe og oppgangssag, samt mange kvenner langsmed Lure.