Brev hjem

Brev heim

brev hjem

Ein gong tinndøl - alltid tinndøl..

Les mer

Planlagte Prosjekt

Marknadsdag

Dette arrangementet skal bli eit årleg innslag om hausten på Dølehalleplassen. (sjå omtala  under menyen: Dette har skjedd.)

Amfi

Planarbeidet er kome i gong med eit lite amfi laga i tørrmur i skråninga mellom inngangen på Dølehalle og garasjen til Gjestgiveriet. Vi har knytt til oss ressurspersonar i kommunen som hjelper oss vidare med arbeidet. Amfiet er tenkt som ein møteplass, ei lett synleg lita perle midt i sentrum. Til våren står det kanskje ferdig eit lite amfi der.
Informasjonstavlene vil få ny plass på den andre sida av vegen ved banken.

Mjølkerampe

Telemark fylkeskommune har hatt eit prosjekt der dei har sett av midlar til å lage omlag 8 mjølkeramper, teikna i ein moderne stil. Rampene blir laga av Haugen trevare i Tessungdalen.
Kommunar  i Telemark som  ønskjer  å kjøpe ramper får eit tilskot pr. rampe. Tinn sparebank har også gitt tilskot til rampene som skal plasseras her i Tinn. I Tinn har vi kjøpt tre ramper som skal stå i Hovin, i  Austbygde og i Atrå. 
Det er meininga at dei som køyrer på vegen mellom Hovin, Austbygde og Atrå vil kunne oppleve rampene som eit symbol på eit samarbeid mellom dei tre bygdene, eit samarbeid om utvikling av bygdene rundt Tinnsjøen.

Trålaust internett

Vi skal ha breiband og trålaust nettverk på Dølehalle.

 

På Øyan i Tinn Austbygd

Dette området ligg sør for sentrum ned mot Tinnsjøen.
Vi ønskjer å legge til rette for ein turveg gjennom dette idylliske området. Guro Mårdalen som er landskapsarkitekt har utarbeida ein plan. Ho har lagt inn mange ulike, spennande forslag.
Vi hadde ein ryddedugnad i området i sommar.

Her kan du laste ned full beskrivelse av prosjektet som pdf.