Brev hjem

Brev heim

brev hjem

Ein gong tinndøl - alltid tinndøl..

Les mer

Løypelagets blogg

Kommer snart

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fiske og Fiskekort

Kommer snart

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Historikk Skirvedalen

DET VAR EIN GONG – EI TID – I SKIRVEDALEN:

I ”KYRKJEBOD for ein del år sidan stod det artiklar om livet i bygdene og ”austi dalen” (Skirvedalen). Ein del av det som Jon Haukaas, far min, skreiv der kjem att her – noko omarbeidd.

I uminnelege tider har fjellet og ”austi dalen” vore ein viktig del av livet heimebygda. Det var slik det måtte vera, med det slitet og det (gode) livet det førde med seg.

Mest var det seterliv som folk var opptekne av, ved sida av både fiske og jakt (til og med bjønnejakt har det vore).

Når tida nærma seg Jonsok vart det travelt på gardane. Da laga dei seg til ”buferd”. Det var mykje som skulle ordnast og stellast til for ein lang sumar i fjellet, og eg trur dei gledde seg, både kretur, budeie – og hjuringen.

Dei sat på setrane i heile dalen, frå 22.juni som var buferdsdagen til 14.september , Krossmess. Med både sin eigen buskap og andre sin som dei hadde i ”for sagt”.

Det var mange tok ”forsagt”, kyr som budeia gav ein viss avdrått for å ha, smør, ost og prim, så og så mykje etter når på året kyrne bar (kalva). Når ulike buskapar møttest måtte hierarkiet setjast opp: Det var eit møte mellom harde skallar og spreke bein – til alle utan ei måtte bokstaveleg tala bite i graset.

Kvardagen på staulen var rutine og faste plikter for alle. For den vesle guten eller jenta kunne det nok vera utriveleg mange gonger når sudaustingen piska regn og skodde i kalde hjuringnakkar.

Likevel: For dei ungane som ”måtte vørå” på staulen heile sommaren var det stas når ”heimfolket” kom ”på seterslått”. Fyrste gongen dei kom til Mykleset for å kjøpe mjølk, hadde dei gjerne med seg eitt-eller-anna. Far ser for seg særleg Gonil Volon. Ho hadde alltid med seg kaku i spannet sitt, små brød som smaka heilt ”ubeskrivele”.

Seterslåtten kunne vera ein sann prøvelse. Det var ikkje berre greitt å stå bøygd over stuttljåen og slå finn(gras). Men ei herme frå ein i Atrå er eit godt bilete: ”Dær va finn so seig at’n reiste se upp bakafe me ó spurde hokken som våga røre’n. E snudde me ó sa dæ va Tore Anfinsen Åsen, men da la’n se att fort.”

Høykøyring frå setrane høyrde med til dei faste førjulstiltaka. Nå er det vel ikkje så mange igjen som kan fortelje dette. Sjølv me som nå er komne til skjels år og alder var kanskje med på dette som ungar, etter krigen. Etter kvart kom Skirvedalsvegen – i 60-åra – og seterslåtten blei historie – etter kvart.

Å få høyet heim var ei ”lang dags ferd”. Setrane i Austbygde ligg frå ei til to-og ei-halv mil unna garden, og når ein tenkjer på vintervegen, ofte med tungt føre (kanskje med trug på hesten, og den tid det tok med lessinga – godt og vel tre timar, skjønar ein at dagen tok til å gry fyrst når dei var komne aust på åsane, og at lasset lasset kom inn på tunet ”under stjernene”.
Nedbygdingane måtte bruke meir enn dagen, dei lesste om ettermiddagen/kvelden, køyrde lasset heim på morgonen, og så var det å dra avstad att etter ei stutt matkvild. Men dei fekk heim foret, frå setervollar i god hevd kunne det vera 3 –400 kg høy.

Etter kvart kom nye tider til Tinn og Skirvedalen.Det var ikkje lenger ”rekningssvarande” å slå setrane. Gardane blei meir lettdrivne – med traktorhjelp både til slått og innhaving gjekk det lettare. Det dura Agria slåmaskin og Zetor firhjulsdriven traktor på ”alle” gardar.

Med nyveg over til Veggli kom hyttefolk (feriefolk) til fjellet, myrane og beiteliane. Det vart ei ny tid ”austi dalen”.

Halvor Heier Haukaas.

Kart

Kommer snart